tirsdag 16. november 2010

remember me as a time of day

kanskje skulle eg studere i bergen, eller ålesund, kanskje skulle eg bli sjukepleiar eller lærar, kanskje skulle eg få to eller tre ungar og flytte heim og få jobb. kanskje skulle eg berre gi faen i dei og endelig kome meg vekk, aldri kome tilbake. kanskje skulle eg fare ut i verdi og finne sannheit, ringe heim og fortelle om det, forklare dei kven eg egentlig var. kanskje skulle eg berre snu meg, gløyme dei og oppleve livet på eiga hand.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar