tirsdag 23. november 2010

i guess i’m too scandinavian

å sjå oktober bli til november, den første snøven som dekkar til alt som hausten har vore. plutselig er den borte, alt har endra seg i løpet av ei enkelt novembernatt. du har flytta heimaifrå og ser for første gong den nye staden dekka av det kvite novemberteppet. som om alt har blitt viska bort og ein får byrje på nytt, ein gong til. då er det fint å verkeleg puste inn og kjenne at ein ikkje treng det. ein har det bra, den nye starten blir berre eit nytt påfyll, enda eit nytt friskt pust, i den nye, gode kvardagen. endringane har blitt meir diffuse, ein kjenner ikkje lengre den bitande kulda like godt. andre ting står i fokus, no er det kun snakk om endring av utsikt, ei forandring i kva ein våknar opp til kvar morgon. det er vanskelig å definere lykke, men dette kan umogleg vere langt i frå.

tirsdag 16. november 2010

remember me as a time of day

kanskje skulle eg studere i bergen, eller ålesund, kanskje skulle eg bli sjukepleiar eller lærar, kanskje skulle eg få to eller tre ungar og flytte heim og få jobb. kanskje skulle eg berre gi faen i dei og endelig kome meg vekk, aldri kome tilbake. kanskje skulle eg fare ut i verdi og finne sannheit, ringe heim og fortelle om det, forklare dei kven eg egentlig var. kanskje skulle eg berre snu meg, gløyme dei og oppleve livet på eiga hand.