søndag 30. januar 2011

youth(2)

skoa var gjennomvåte. ølen hadde blitt forvandla til vatn. det pøsregna. vi stod der med gåsehud langt opp i dei indre organane våre. til tross for at eg allereie hadde fått unna fem halvlitarar, kjende eg grøssa like sterkt. ikkje fordi det var kaldt. ikkje fordi det var vått. på grunn av generasjonen vi var tvungne til å være ein del av. i det som verka som ein evighet skulle vi bli stempla i samme bås som våre jamaldringar. dette var dag éin. augene deira var blodraude. spriten bobla i blodet. endeleg skulle liva deira byrje.

i det vi vandra ut av folkemassen såg eg ansikta til dei eg ein gong hadde kjent. eg såg barndommen deira, slik eg hugsa dei. minna eg delte med dei, som dei hadde gløymt. sjelen som sakte hadde forsvunne, livet som ikkje eksisterte i dei lengre. i løpet av få sekund hadde regnet trengt seg gjennom paraplyen, den hadde ikkje lengre nokon reell funksjon. eg stirra opp og såg dråpane sakte absorbere gjennom det tynne stoffet, og dryppe ned i ansiktet ditt. snart skulle livet byrje.

2 kommentarer:

  1. "vi stod der med gåsehud langt opp i dei indre organane våre". dette var tøft, jeg liker den enkle og rå fortellervinkelen. så flink du er!

    SvarSlett