fredag 20. januar 2012

alkoholromantisk mongorealisme

"I hans kanskje mest kjende roman Sveve over vatna (1982) er handlinga lagd til Bergen og universitetet. Her skriv Hovland om ungdommens lengsel og brunst, puling, uløyseleg kjærleikssorg, festar på dei gråaste hyblane i byen, langpils, politiske kranglar, fyll, tungsinn, ablegøyer og bakrus. Hovudpersonen slentrar tafatt inn i dei mest absurde og underhaldande bakevjer. Studielivet går langt frå på skjener, og sommarjobben på Hansa Bryggerier endar ikkje som det burde."

-- Det eg sakna mest ved den gamle hybelen min, var takvindauget. Der eg budde no var det umogleg å kome ut på taket. Eg ser ikkje bort frå at ting kunne ha blitt annleis dersom eg hadde kome meg ut på taket av og til denne hausten.

søndag 18. september 2011

tirsdag 30. august 2011

true love will find you in the end

until it does one must enjoy every little prospect of life, friends, literature, coffee, knowledge, stupidity, walks through an unknown city. breakfast, dinner, midnight snacks. sleeping in a bed with a warm guy, listening to new records on the bus, staying up late. alcohol. showers. sleep.

søndag 24. april 2011

crisp and clean, no caffeine

det er noko med den kjensla ein får av å høyre på morissey medan ein sit på bussen og byen susar forbi. kjensla av å tenkje på den finaste guten ein veit, eller då ein innser at ein ikkje har aning på kva som kjem til å skje neste år, eller i morgon for den del. mor sin ripsbærgelé på nybakt brød, å forstå kor inderleg glad ein er i sin beste ven, nye vener som stadig blir betre. kjensla av å reise til nye, framande byar og kjenne at det går bra, ein klarar seg fint, at alt er skummelt, men likevel ikkje. den magevrengande, blodbrusande kjensla som kjem ut av ingenting og plutseleg tek over. å kjenne at ein skulle ynskje at ein kunne vere i denne tida av livet i veldig lang tid framover, men samtidig vite at denne kjensla alltid vil vere i deg, og aldri bli gløymt.

mandag 4. april 2011

tillsammans

i morgon skal eg sjå denne filmen heime i bygda der eg vaks opp, nede i kjellaren på det lille svarte fjernsynet frå 90-tallet som enno kan spele av vhs-filmar. etterpå skal eg høyre på come give me love med ted gärdestad ekstra mange gongar, fordi den er ein av dei aller finaste songane i verda, til tross for at alle mine vener meinar den er svenskane sitt svar på aldri i livet med finn kalvik.

onsdag 16. mars 2011

samordna opptak

og kjensla av å vere liten men samtidig vaksen, tom men samtidig full. apatisk, men draumande. sliten, men samtidig på grensa til å sprekke av utforskarlyst.